Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar - 2. gongs utlysing

Garnes ungdomsskule, Bergen kommune

Garnesstølen 63, 5264 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Garnes ungdomsskule er ein skule med ca. 420 elevar og 60 tilsette. Skulen ligg fint til på Garnes, 10min. med buss frå Arna stasjon og terminal. Vi flyttar inn i nytt skulebygg med fleksible areal desember 2025. I dag har vi mellombelse lokalar i Garnesstølen 63 (tidl. Arna gymnas). Vi har eit triveleg arbeidsmiljø, og nærmiljø med mogelegheit for varierte aktivitetar. 
Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø, og vår visjon er «Læring og trivnad for alle». Vi arbeider etter PALS-modellen.
Skulen er organisert med tre avdelingsleiarar som i lag med rektor er skulen sitt leiarteam. Avdelingsleiar har  personalansvar, ansvar for utviklingsarbeid, praktisk tilrettelegging  og elevoppfølging på sitt trinn. Stillinga er fast og ledig frå snarest. Vi søkjer ein sjølvstendig leiar som er prosessorientert, strukturert og målretta. Ein leiar som har  gode evner til å kommunisere med, og motivere, tilsette og elevar. Det er ønskeleg med erfaring frå ungdomstrinnet.


Arbeidsoppgaver

Leie skulen sitt utviklingsarbeid i lag med leiarteamet og skulen sin kvalitetsutviklingsgruppe.

Implementering av utviklingsarbeid på eige trinn.

Personalansvar for eigen avdeling.

Vikaransvar på eigen avdeling.

Oppfølging av læringsarbeidet og spesialpedagogisk arbeid på trinnet.

Ansvar for yrkesrettleiing på eige trinn.

Administrative oppgåver knytt til dagleg drift, og til planlegging av skuleår.

Undervisning på eige trinn.

Avdelingsleiar har ca 30 % undervisning i leiarstillinga.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på ungdomstrinnet.
  • Undervisningserfaring frå ungdomstrinnet.
  • Ønskjeleg med erfaring som skuleleiar.
  • God fagleg og digital kompetanse. Kunnskap om Bergen kommune sine administrative datasystem er ein føremon. 
  • God relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner.
  • Utdanning frå utlandet -krev godkjenning.
  • Meistre norsk svært godt, munnleg og skriftleg, bokmål og nynorsk.
  • Gyldig politiattest.

Personlige egenskaper

  • Du er open, fleksibel, løysingsorientert, og du vil aktivt medverke til å vidareutvikle skulen og det gode arbeidsmiljøet.
  • Du jobbar godt i team, men er også sjølvstendig og tar eigne avgjerder.
  • Som leiar bør du vere tydeleg, sjå mogelegheiter, syne entusiasme, og vere utviklings- og endringsorient.
  • Du kan skape og utvikle gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
  • Ha eit reflektert lærings- og elevsyn, og ha lyst til å utgjere ein skilnad for elevar og tilsette. 

Vi tilbyr

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar.
  • Gode mogelegheiter for vidare personleg  og fagleg utvikling.
  • Stor mogelegheit for påverknad i eit utviklingsorientert leiarteam.
  • Ein spanande, hektisk og utfordrande kvardag.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Joan Kaarstad

Arbeidssted


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bergen kommune

Referansenr.: 4887909699
Stillingsprosent: 100%
Fast