Haram kommune søkjer etter tilkallingsvikarar ved Brattvåg, Vatne og Haramsøy legekontor. Vi ser etter deg som har stor arbeidskapasitet, interesse for arbeid på legekontor og kan jobbe sjølvstendig. Journalsystemet vi nyttar er CGM.
Tenesteområdet er ein del av kommunalområde Livsløp, der fleire tenester er samla. Alle tenestene er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggjarar.
Livsløp består av koordinering og tildeling, psykisk helse og rus, helsestasjon, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi og legetenester. Haram kommune har gode, heilskapelege tenester i fokus. Vi legg vekt på å arbeide på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet ved legesenteret er organisert med ulike arbeidsstasjonar, som til dømes laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på dei ulike stasjonane. Det kan variere mellom legekontora korleis arbeidet er organisert.
- Labratorium: Prøvetaking, diverse analyser, samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timers blodtrykk.
- Skiftestue: Bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentuinjeksjonar m.m
- Resepsjon: Handtere sentralbord, ta imot pasientar samt utføre oppgåver desse henvendelsane genererer.
- Arkiv: Svare på telefonar og påføgjande oppgåver, arkivere dokument, sortere post og utføre anna kontorarbeid.
Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som helsesekretær, evt. sjukepleiar. Sjukepleiar- og bioingeniørstudentar kan søkje.
- Erfaring frå arbeid ved legekontor
- Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått
- Språkopplæring på nivå B2
- Datakunnskap
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Noko engelskkunnskap
Personlege eigenskapar
- Du er brukarorientert
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving
- Du er påliteleg
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidreg aktivt til å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samhald og god atmosfære med trivelege kollegaer
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariffavtale
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565,
[email protected]
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4917806530
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.03.2025