Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Venter du på LIS1 plass? Da kan du søke hos oss!

Nevrologisk post, Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Nevrologi i Helse Fonna – Ein spanande moglegheit for deg som er nyutdanna lege!

Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ei eiga eining under Medisinsk klinikk. Eininga omfattar poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 14 senger.

Er du ferdig utdanna lege, men ikkje har fått LIS1-stilling? Då har du no ei gyllen moglegheit til å søkje vikariat hos oss. Hos oss vil du få god opplæring, og alltid tett oppfølging, av overlege når du har vakt. Sjølv om stillinga ikkje er tellande som LIS1-teneste, vil ho gi deg eit solid grunnlag for å få LIS1-plass i framtida.

Vi vurderer søknader fortløpande, så ikkje nøl med å søkje!


Arbeidsoppgåver

Lege utan turnus er hovedsaklig på sengepost som postlege, i tillegg til at man etter kvart deltar i vaktordning etter fullført god opplæring. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Det er ein fordel om søkjaren har arbeidd på norsk sjukehus
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
  • Fordel med kjennskap til Meona og Dips Arena

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er ein entusiastisk lege
  • har gode sosiale eigenskaper er viktig
  • har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgaver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Aktivt og triveleg internasjonalt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Kirsten Solstrand, Avdelingsleiar, 94827389, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4902783654
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.01.2025