Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vi jobbar med å sikre ansvarlege og trygge pengespel. Bli med på laget?

Pengespel, Lotteri- og stiftelsestilsynet

Storehagen 1B, 6800 SUNNFJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Lyst å jobbe med landets fremste ekspertar på pengespelområde? Avdeling for pengespel søker etter ein engasjert medarbeidar i fast stilling til å behandle søknader og andre forvaltningsoppgåver på pengespelfeltet.

Kven er vi? Vi jobbar for at færre skal oppleve speleproblem og å sikre ansvarlege pengespel. Dette omfattar mellom anna forvaltningen av den private pengespelmarknaden, til dømes bingo og lotteri. Vårt mål er å sikre eit trygt og ansvarleg speletilbod.

Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap.

Vil du bli med på laget? Då vil vi gjerne høyre frå deg.  


Dette vil du jobbe med

Stillinga er knytt til forvaltningslaget i pengespelavdelinga og omfattar mellom anna:  

  • Forvaltningsoppgåver, m.a. saksbehandle søknader om godkjenningar og løyve etter pengespellova 
  • Kontroll med inntekter frå pengespel 
  • Saksbehandling av klagesaker 
  • Rettleiing til brukarane og oppfølging av generelle førespurnader 
  • Andre arbeidsoppgåver innanfor pengespelfeltet ved behov må påreknast 


Det vil og vere noko reiseverksemd. 

Dette ser vi etter

For å søke må du ha utdanning på minimum bachelornivå innanfor jus, økonomi, samfunnsvitskap eller anna relatert fagkrets. Du må gjere deg enkelt forstått både for kollegaer og brukarane du jobbar med, og for å løyse oppgåvene må du skrive godt. Du må dermed ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Det er ein fordel om du har jobba med eller har forståelse for sakshandsaming. Det er også ein fordel med erfaring frå kunde- eller brukardialog. Viss du ikkje har det lærer vi deg opp. Vi åpner og for at nyutdanna kan søke. 

Vi ser etter deg som løyser problema du møter på, som trivst med å jobbe sjølvstendig og som jobbar godt saman med andre. For å løyse oppgåvene i jobben bør du vere strukturert og tenke heilskapleg. I tillegg burde du ha god IT- og systemkompetanse, med evne til å setje deg raskt inn i nye system.

Personlege eigenskaper blir vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter. 

Verdt å merke seg

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar stillingskode 1408/1434. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Kontaktinformasjon

Tore Bell, avdelingsdirektør, +47 992 84 339, [email protected]
Turid Søgnen, Seniorrådgivar, +47 913 96 232, [email protected]

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Referansenr.: 4921397684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2025