Ønsker du ein fleksibel jobb, der du får skape glede og meistring hjå barn i utandørsaktivitet året rundt?
Vi har ledig fast stilling som instruktør i 80% ved Brennabu leirskule f.o.m. 01.08.25.
Dette er ein instruktør/assistentstilling, difor er det ikkje krav om lærarutdanning i stillinga. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, spesielt evne til å kommunisere med barn og unge.
Brennabu leirskule tek i mot over 3500 elevar i grunnskulen gjennom heile skuleåret. Elevane er hos oss i ei veke frå måndag til fredag og får vere med på varierte friluftslivsaktivitetar.
Brennabu ligg på Vaset i vakre Valdres, like ved Jotunheimen. Her ligg alt til rette for eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider .
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil vere å leie barn og unge i ulike leirskuleaktivitetar sommar og vinter:
- guide turar i fjellet til fots, på ski, i kano og på sykkel
- instruere og leie klatreaktivitetar
- instruere og leie handverksaktivietetar
- fortelje historier
Kvalifikasjonar
Vi ønsker at du:
- har erfaring med å leie barn og unge
- har god evne til å leie grupper sjølvstendig i varierte aktivitetar
- har erfaring med ski, sykling og padling
- er i god fysisk form
- har, eller er villig til å ta brattkort innan klatring
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du :
- likar å omgås og kommunisere med barn og har eit positivt elevsyn
- er initiativrik og fleksibel i forhold til oppgåver
- er god på samarbeid og har evne til å oppnå gode relasjonar
- er positiv og løysingsorientert
- er glad i uteliv heile året
- aktivt bidreg til eit godt arbeidsmiljø og deler kompetanse med kollegiet
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og morosam jobb
- ei fleksibel arbeidsavtale
- lønn etter tariff, elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Jon Terje Rying, Rektor Brennabu, +47 91863886
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4945400121
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2025