Lignende stillinger
Medielab ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar med relevant erfaring innan programvareutvikling og teknologisk innovasjon. Vi søkjer ein medarbeidar med gode kommunikasjonsevner, som trivst i eit tverrfagleg miljø og ønskjer å utforske og implementere ny teknologi innan utdanning og forsking.
Vi ser etter deg som kan ha ulike roller i eit utviklingsteam, frå prosjektleiing til programvareutvikling. Som ein del av vårt kreative og framtidsretta team vil du få moglegheiten til å bidra i forskings- og utviklingsprosjekt knytte til nye teknologiar i universitets- og høgskulesektoren.
Du vil ha ein sentral rolle i å utvikle og teste applikasjonar og system internt i eininga og i samarbeid med ulike fagmiljø, samt bidra med teknisk rådgiving. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Arbeidsplass vil vera campus Bergen, men HVL er ein fleirkampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.
Formell utdanning og kompetanse:
Ønskja kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege kvalifikasjoner og eigenskaper vil bli vektlagt.
For særs kvalifiserte søkjarar kan stilling som seniorrådgjevar vuredrast.
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
1) Einingsleiar Sigrid Jordal Havre, tlf: 55 58 58 15, e-post: [email protected]