Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell i akuttpsykiatrien?

Akuttpsykiatrisk post Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 KVINNHERAD
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Då kan du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest?

Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først.

Er dette jobben for deg? 👉Søk no og bli med på laget vårt!


Arbeidsoppgåver

  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Utforme behandlingsplanar
  • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
  • Rettleingsansvar for studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
  • etterspør rettleiing

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke"
  • God opplæring, internundervisning og rettleiing

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4986372701
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 20.07.2025