Lignende stillinger
Mikrobiologisk avdeling har om lag 130 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggande kommunar, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har fleire einingar - Virologisk seksjon, Bakteriologisk seksjon, Molekylærbiologisk seksjon, eit prøvemottak og eit medieproduksjonslaboratorium.
Ved Produksjonslaboratoriet blir det produsert ulike dyrkingsmedium og reagensar. Utstyr frå avdelinga blir autoklavert og vaska her. Laboratoriet har og ansvar for å ta i mot bestillingar og å sende ut prøvetakingsutstyr til primærhelsetenesta.
Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling frå 01.11.2024 til 30.06.2025. I tillegg til handtering av bestillingar og pakking og sending av prøvetakingsutstyr kan det vere aktuelt med blodprøvetaking i sjukehuset.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.