Lignende stillinger
På Stord sjukehus blir du ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, der vi jobbar tett saman for å gi trygge og gode tenester til innbyggjarane i regionen. Som gynekolog hos oss blir du sett, verdsett og utfordra – både fagleg og personleg.
Her har vi gode støttetenester og tilbyr full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Fordelt på 5 kommunar, er opptaksområdet omlag 50 000 innbyggjarar. På eit lite sjukehus er kvar enkelt medarbeidar ekstra synleg, og me søker deg som er engasjert og ønsker å bidra til at sjukehuset held fram med å tilby gode tenester for innbyggarane.
Vi har moderne fasilitetar, eit solid kollegium med erfarne gynekologar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og høg kompetanse. Du får vere med på å forme tilbodet vidare og bidra i eit seksjonert oppsett der denne stillinga hovudsakleg er retta mot obstetrikk. Det er omlag 400 fødslar og 500 gynekologiske operasjonar årleg, og vi har eit tett samarbeid med Haugesund sjukehus og Kvinneklinikken i Bergen ved behov.
Seksjonen held til i moderne lokalitetar. Eininga på Stord har 6 overlegestillingar med erfarne gynekologar. Gynekologane arbeider seksjonert og har fordelt arbeidet innan obstetrikk og gynekologi. Denne stillinga innebærer hovedsakelig obstetrikk. Årleg er det omlag omlag 400 fødslar og 500 gynekologiske operasjonar. Me har eit godt samarbeid mot Haugesund sjukehus, samt Kvinneklinikken i Bergen når seleksjonen krev det.
Vi håpar du kjenner deg igjen i det vi ser etter – og at du vil bli med oss vidare. Søk stillinga og bli ein del av laget vårt!
Stord er meir enn ein arbeidsplass – det er ein plass å leve godt. Her får du nærleik til både fjord, fjell og kyst, eit rikt fritidstilbod og gode oppvekstvilkår for familiar. Øya ligg sentralt til mellom Bergen, Stavanger og Haugesund – med eigen flyplass og direkterute til Oslo.
👉Les meir om Stord her