Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sommarvikar ved Gulen legekontor

Gulen kommune

Eivindvikvegen 1119, 5966 GULEN
Feriejobb
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Gulen kommune har ledig i inntil 100% mellombels stilling (ferievikar) som helsesektretær/legesekretær i Gulen kommune frå juni til ut august 2025. Oppgåvene vert knytt til kontorstad i Eivindvik ved Eivindvik legekontor. Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar.

Har du helsefagleg bakgrunn eller held på med ei helsefagleg utdanning, så vil me gjerne at du sender oss ein søknad.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil verte tilpassa søkjaren sin kompetanse. Publikumsmottak (telefon/skranke) og andre kontorrelaterte arbeidsoppgåver vil vere hovudoppgåva, men andre oppgåver innan laboratoriearbeid/andre oppgåver kan også vere aktuelt.

Me tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmijlø
  • Løn etter tariff

Kvalifikasjonskrav

  • Me ynskjer søkjarar som kommuniserer godt med pasientar/kollegaer, så utdanning/erfaring innan arbeid med helse/menneske vil vere ein fordel
  • Må beherske norsk godt; både munnleg og skriftleg
  • Må ha god erfaring med bruk av dataverktøy

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel, strukturert og kommuniserer/samarbeider godt med pasientar og kollegaer
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.