Lignende stillinger
Vi søkjer personell til å hjelpe oss med den daglege drifta fram til sjukehuset flyttar inn på Hjelset.
Har du ledig tid, eller er du nysgjerrig på korleis delar av sjukehuslogistikken fungerer? Då kan dette vere ei flott moglegheit. Vi ser etter 2–3 personar til eit 6 månaders engasjement for å avlaste personell som skal jobbe med prosjektoppgåver fram mot innflyttinga og i den første perioden etterpå. Her får du sjansen til å jobbe både på det gamle og det nye sjukehuset.
For dei rette kandidatane kan det vere moglegheit for forlenging eller fast tilsetting på sikt. Dette er ei unik moglegheit til å skaffe seg verdifull erfaring, enten du vurderer ein karriere innan desse yrka eller ønskjer å jobbe på sjukehus.
Seksjonen for forsyning og interntransport har i dag eit breitt spekter av oppgåver, som forsyning av forbruksmateriell, transportoppdrag, sengesentral, internvaskeri, handtering av tøy og avfall, med meir.
Når vi flyttar inn på det nye sjukehuset, vil det bli endå fleire moglegheiter og oppgåver. Vi tek i bruk mykje ny teknologi, som automatiserte transportrobotar (AGV), elektroniske tøyskap, lagerdrift av sterilsentral, gassforsyning, pasientportørtenester og interne transportoppdrag av skop og instrument.
Logistikkarbeidar:
Portørar: