Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Rådgjevar

Statsministerens kontor

Glacisgata 1, 0150 OSLO
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Stillinga er ein del av leiarstøttegruppa ved Statsministerens kontor. Gruppa bidrar i førebuing og gjennomføring av statsministeren og regjeringa sine møte, inkludert Kongen i statsråd og regjeringskonferansar. Dei tilsette i gruppa bidrar i planlegging og koordinering av reiser og anna program for statsministeren. Leiarstøttegruppa gir administrativ støtte til oppgåver og daglege gjeremål i leiinga og på kontoret, inkludert kalender- og møtekoordinering, reiseplanlegging og fakturahandsaming. Gruppa bidrar i utviklinga av rutinar for gode arbeids- og tilretteleggingsprosessar ved kontoret, både for fysiske møte, reiser og samhandling på digitale flater. Andre arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle. 

Stillinga inneber mykje munnleg og skriftleg kontakt med departementa,  Stortinget og andre eksterne. 

Leiarstøttegruppa har ei felles vaktordning for kontor- og leiarstøtte for politisk leiing og administrasjonen ved kontoret. Leiarstøttegruppa tar også hand om beredskapsoppgåver knytt til denne funksjonen. Det må påreknast noko reiseverksemd. 

Stillinga har stillingskode 1436 rådgjevar. 

Lønn blir fastsett individuelt og vil liggje i spennet 640 000 til 700 000 kroner. Godtgjering for vaktordning kjem i tillegg. For særs kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vere aktuelt. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Me har:

  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
  • fleksibel arbeidstid og sommartid
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida med tilgang til gode treningsfasilitetar
  • arbeidsstad sentralt i Oslo sentrum, ved Akershus festning

Nærare opplysningar kan du få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Holt, tlf. 22 24 40 41.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • minimum bachelor og relevant utdanning for oppgåvene i stillinga. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god IKT-forståing og -kompetanse, spesielt når det gjeld leiarstøttesystem og relevante IKT-reiskapar
  • god samfunnskunnskap, forståing for politiske prosessar og kjennskap til offentleg forvaltning.
  • relevant erfaring frå liknande oppgåver

Det er ein fordel om du har kjennskap til departementa. 

Personlege eigenskapar:

Me søkjer ein person som har: 

  • evne til å vere nøyaktig, ryddig og jobbe planmessig og sjølvstendig
  • svært god serviceevne og evne til å ta initiativ
  • god samarbeidsevne og fleksibilitet
  • god rolleforståing og god vurderingsevne
  • god arbeidskapasitet og evne til å trivast i eit høgt tempo
  • god formuleringsevne både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast for STRENGT HEMMELEG.


Generell informasjon

Statlege arbeidsplassar skal spegle mangfaldet i befolkninga og dra nytte av kompetansen til den einskilde. Me oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me vil gjerne ha ein søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen

Me oppfordrar alle som søkjer til å laste opp vitnemål frå Vitnemålsportalen og leggje ved søknaden, saman med kopi av relevante attestar.