Lignende stillinger
Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, samt institusjonskjøkken. Tenesta har eit leiarteam beståande av kommunalsjef for helse og omsorg, ein rådgjevar og tre avdelingsleiarar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder som utvikler tenester der målet er at brukarar skal oppleve tryggleik og saumlause tenester i eigen heim og på institusjon.
Me treng dykk som er sjukepleiar eller vernepleiar og som framleis er svolten på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk og har evne til å rettleia, setja grenser og gjera kollegane dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetra og utvikla
tenesta, må du vera positiv til endringar.
Vi har no ledig eit 80 % vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar, som er i pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune, og er lokalisert på Byglandsheimen.
Tredelt turnus med arbeid hver 3. helg.
Me tilbyr
Vi gjer merksam på at interne søkjarar kan ha fortrinnsrett på stillinga eller deler av stillinga.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4, ikkje eldre enn 3 månedar.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå
offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).