Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar studiespesialiserande

ARD - ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune

ØVRE ÅRDAL, 6884 ÅRDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 150 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2025:

100% fast stilling fordelt på 50% avdelingsleiar for studiespesialiserande og 50% undervisning


Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar for studiespesialiserande er medlem i leiargruppa med rektor og avdelingsleiar for yrkesfag. Stillinga er samansett av 50% leiing og resterande er undervisning eller andre oppgåver. Vi har fire studiespesialiserande klassar og du vil ha personalansvar for om lag 15 tilsette. 

Som avdelingsleiar skal du blant anna:

  • Samarbeide med leiargruppa og bidra til utvikling og implementering av skulen sin strategi og mål
  • Leie og koordinere det pedagogiske arbeidet på studiespesialiserande programområde
  • Organisere og leie avdelingsmøte
  • Ha budsjettansvar på eiga avdeling
  • Gjennomføre fagval i samarbeid med rådgjevar
  • Ha ansvar for å gjennomføre elev- og undervisningsevaluering
  • Delta i rekruttering og tilsetjing av nye lærarar
  • Følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring
  • Relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse
  • Undervisningskompetanse i fag skulen tilbyr
  • Strukturert og målretta arbeidsmetodikk
  • Gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

 

Vi søkjer ein person som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • er engasjert og posititv - med ønske om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
  • har eit positivt elevsyn.
  • er utviklingsorientert, ser løysingar og har gjennomføringskraft
  • er tilpassingsdyktig.

Vi tilbyr

  • Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.



Kontaktinformasjon

Geir Kjetil Øvstetun, rektor                        , 90694334

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4928417628
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2025