Lignende stillinger
Vi søkjer to dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Vi har behov for 170% vikar fordelt på to undervisningssstillingar for skuleåret 2025-2026. Ei 100% undervisningsstilling som kontaktlærar i småskulen og ei 70% undervisningsstilling som faglærar i Kunst og handverk.
Aure barneskule er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023, og er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven.
Skulen er ein 1-7 skule med 20 klasser og 3 parallellar. I tillegg har vi ein stor SFO med om lag 140 elevar. Skulen har ei ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall. Skulen har vidare eiga avdeling for Kunst og handverk, med godt utstyrte rom for sløyd, tekstil og keramikk.
Undervisninga er organisert i eit to-lærarsystem i basisfaga, norsk, matematikk og engelsk, på alle trinn. Det inneber at det er to faglærarar i dei fleste undervisningstimane i desse faga. Skulen har fokus på inkludering og tidleg innsats, og deltek i den nasjonale satsinga Tid for lesing.
Har du lyst på ein spennande jobb, der du tek del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar saman med dyktige og erfarne kollegaer? Søk då vel!
100% stilling som kontaktlærar: Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag, og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning. Søkarar med grunnskulelærarutdanning 1-7 vil bli prioritert.
70% stilling som faglærar i Kunst og handverk. Søkarar må ha pedagogisk kompetanse og relevant utdanning i Kunst- og handverkfaget.
I begge stillingane gjeld krav om :
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.