Lignende stillinger
Hjelmeland kommune har ledig ein fast stilling som sosialrådgjevar i 50% stilling, med oppstart våren 2025. Me søker etter ein engasjert og utviklingsorientert sosialrådgjevar som har god erfaring med relasjonelt arbeid med barn og ungdommar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Erfaring frå skule
- Vidareutdanning i sos.ped/spes.ped.
- Har kjennskap til tilrettelegging for gode overgangar mellom utdanningsløpa
- Har kjennskap til systematisk arbeid for å fremje godt og inkluderande læringsmiljø, både på individ - og gruppenivå
Arbeidsoppgåver:
- Ha ansvar for og følgje opp det sosialpedagogiske arbeidet i kommunen
- Ha ansvar for overgangen mellom dei ulike utdanningsløpa
- Systematisk og målretta arbeid for å fremje godt og inkluderande læringsmiljø både på individ - og gruppenivå
- Samarbeide mellom anna med leiinga, lærarar, føresette, helsesjukepleiar og eksterne etatar
Personlege eigenskapar:
- Bidrar positivt og konstruktivt inn i samarbeida
- Har eit barne- og elevsyn som byggjer på meistringstru for alle
- Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Taklar godt at arbeidsdagen blir litt uføreseieleg
Me tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
- Pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- Ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.