Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Rettleiar 

Nav Vaksdal

Konsul Jebseng. 16, 5722 VAKSDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Ynskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem i arbeid? Trur du på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, har ein plass i arbeidslivet? 

Nav sitt mål er at flest mogleg skal vera i løna arbeid eller annan aktivitet, og at færre skal vera avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vera i arbeid, delta i samfunnet og vera sikra inntekt.

Ynskjer du å vera ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for menneske kvar einaste dag?

Nav Vaksdal har ledig fast stilling som rettleiar for vaksne med nedsett arbeidsevne. Me er eit lite nav-kontor med 7 tilsette, der alle samarbeider om å løyse kontoret sine oppgåver til beste for innbyggjarane i kommunen. Me kan love deg ein interessant og variert arbeidsdag!


Arbeidsoppgåver

Som rettleiar hjå oss vil du:

  • kartlegge og motivere brukarar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å komma i arbeid
  • følge opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøte
  • sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
  • ha tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksverksemder og andre samarbeidspartnarar
  • bidra til sosial og økonomisk tryggleik for innbyggjarane i Vaksdal kommune, og fremje overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet 

Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning minimum bachelor, gjerne innan sosiale eller juridiske fag. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. 
  • rettleiings- og inkluderingskompetanse og/eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar  
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Vaksdal kommune har nynorsk som målform
  • førarkort kl B

De er fint om du og har:

  • kunnskap om og interesse for arbeidsmarknad og opplæringsmoglegheiter i og rundt Vaksdal kommune
  • kjennskap til rettleiing om privatøkonomi
  • interesse for barn og unge sine levekår

Personlege eigenskapar

Me håpar å finne deg som: 

  • er trygg i møte med menneske i ein vanskeleg livssituasjon, og som likar å snakke med folk
  • likar å bygge relasjonar, både i møte med brukarar, samarbeidspartar og kollegaer
  • er sjølvstendig og robust, og tåler at oppgåver og rutiner endrar seg fort

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Statleg tilsetjing i stillingskode 1434 Rådgiver med lønnsspenn frå kr. 570.000 til kr. 630.000. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. 
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Hanne Lunde, Avdelingsleiar, 959 78 584

Arbeidsstad

Konsul Jebseng. 16
5722 Dale

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4964395949
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2025