Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Logoped 100% stilling, svangerskapsvikariat

Voss herad PPT

Sosialbygget 2.etg.Miltzowgate 2, 5700 VOSS
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

 Det er ledig 100 % svangerskapsvikariat som logoped ved Barne- og familietenestene, PPT, frå 3.februar 2025 – 31.desember 2025

Om arbeidsstaden

Logopeditenesta er administrativt lagt til PPT og held til i PPT sine nye lokalar ved Knutepunktet Voss..
Logopeditenesta har fire logopedar. Logopedane gjev tenester til alle aldersgrupper.
Tenestene vert utøvd i barnehagar, skular, heimar, omsorgsbustader/sjukeheim og på sjukehus, som direktehjelp og som rettleiing.
Det vert seld logopedhjelp til Vaksdal kommune og til Helse Bergen ved Voss sjukehus.
I tillegg har Voss herad eit logopedi-lågterskeltilbod.

Arbeidsoppgåver

Logopeden arbeider både utifrå sakkunnig vurdering og inn mot lågterskeltilbodet. Opplæring/rettleiing av brukarar, føresette og pedagogisk personale er ein viktig del av arbeidet. Stillinga medfører køyring.

Tenestebil vert stilt til rådvelde i deler av stillinga. I tillegg må det påreknast bruk av eigen bil.

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i logopedi. Anna relevant utdanning kan verta vurdert.
  • Fagleg relevant kompetanse
  • Ynskjeleg med test- og utgreiingskompetanse for språkvanskar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Me søkjer

  • Søkjar må vere utviklingsorientert og ha god samarbeidskompetanse
  • Søkjar må ha førarkort klasse B, då det ligg arbeid i nabokommunar til stillinga.
  • Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
  • Hugs å gje opp referansar

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden


Link til søknadsskjema: Søk her