Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig inntil 43% fast undervisningsstilling i spansk
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i spansk
- Pedagogisk utdanning
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
- Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegar
- Pedagogisk og fagleg nyfiken
- Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
- God profesjonsfagleg digital kompetanse
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Andre opplysningar
- Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
- Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Robert Henriksen, avdelingsleiar, +47 95101918
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4967243145
Stillingsprosent: 43%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 23.05.2025