Ønsker du ei spennande og utfordrande stilling der du kan bruke deg sjølv i eit kreativt og positivt miljø - med både tøffe tak, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter?
Vi har behov for nye tilkallingsvikarar i heimetenesta og i Petterbakken (bustadar for personar med utviklingshemming). Arbeidstid er i hovudsak på kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie
- Hjelp til daglege gjeremål
- Praktiske arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 18 år
- Stillinga har ikkje krav til utdanning, men erfaring frå liknande arbeid er ein fordel. Søkjarar som er under helse- og sosialfagleg utdanning vil bli prioritert.
- Førarkort for bil er ein føresetnad for å ta vakter i heimesjukepleia
Personlege eigenskapar
- Du er villig til å lære, og evnar å søke opplæring hos andre
- Du er punktlig og til å stole på
- Du er god til å prioritere
- Du trivast med å jobbe saman med andre menneske, men er også sjølvstendig
- Du likar varierte arbeidsdagar
- Du er trygg og fleksibel
- Du er roleg i utfordrande situasjonar
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God opplæring
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Heidi Strand, Einingsleiar, 98230640,
[email protected]
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 4852371839
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.09.2024