Lignende stillinger
Vil du vere med og forme framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein framtidsretta og tydeleg leiar til ei spanande stilling som avdelingssjef ved Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Klinikk for diagnostikk. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å påverke utviklinga av diagnostikktenestene i eit høgteknologisk, innovativt og dynamisk miljø.
Om stillinga
Som avdelingssjef vil du leie eit tverrfagleg team av radiologar, LIS-legar, radiografar og anna fagpersonell i eit miljø prega av teknologi, utvikling og tett samarbeid – både internt i sjukehusa og med primærhelsetenesta. Du blir ein sentral del av klinikken si leiargruppe og spelar ei viktig rolle i den strategiske utviklinga på tvers av fagområde.
Du får personalansvar for fire seksjonsleiarar, og skal saman med leiarteamet sikre diagnostikktenester av høg kvalitet og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Stillinga gir høve til vidare leiarutvikling, innovasjon, forsking og bidrag til implementering av kunstig intelligens i tenestene våre.
Saman skal vi levere helsetenester som gjer ein reell forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
Avdelinga består av tre seksjonar med over 105 stillingsheimlar og eit budsjett på om lag 170 millionar kroner. Verksemda er døgnkontinuerleg og finn stad ved sjukehusa i Ålesund og Volda, begge akuttsjukehus med traumefunksjon.
Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers av dei fire sjukehusa i fylket og omfattar fem avdelingar:
Vil du vere med på å skape helsetenester for våre pasientar i eit spanande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstartsdato: Snarast/etter avtale. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli sterkt vektlagt.
Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.