Lignende stillinger
Nav økonomiteneste (ØT) står framfor fleire utviklingsløp dei næraste åra og treng å styrke laget. Er du klar for ein spennande utfordring der du får vere ein viktig bidragsytar til at vi innfrir ambisjonane våre?
Vi ser etter deg som vil ta ei sentral rolle i utviklinga av klimarekneskapet til Nav. Med ditt engasjement for økonomi og berekraft blir du ein viktig drivar i utvikling og forvaltning av klimarekneskapet. Du får ansvar og handlingsrom til å ta eigarskap til oppdraget, og med deg på laget får du dyktige kollegaer.
Nav skal vere førebudd på framtidige krav og moglegheiter, og skal jobbe systematisk med berekraft i heile organisasjonen. Vårt ansvar er å etablere eit klimarekneskap som viser utsleppa våre, slik at vi kan jobba målretta for å redusere dei. Dette er eit langsiktig arbeid der vi skal bygge stein på stein, og vi ser etter deg som kan styrke oss med din kompetanse og erfaring.
Nav økonomiteneste har ei viktig rolle i å utvikle økonomiområdet i Nav. Vi har dei siste åra teke i bruk fleire nye løysingar, for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Vi har òg ei viktig rolle for å jobbe førebyggande og målretta for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten. I tillegg til ansvaret for klimarekneskap vil du få ta del i fleire spennande prosjekt og utviklingsløp. Du vil bli ein aktiv sparringspartnar og bidra med tydeleg retning og rådgjeving på tvers av fagområda våre.
Kven vi ser etter?
Vi ser etter deg som er motivert for ei rolle som kombinerer operativt arbeid med strategisk tankegang. Du bygger gode relasjonar, inviterer til samhandling og inspirerer. Du er analytisk, strukturert og oppteken av detaljar – men ser òg heilskap og samanhengar. Du tek initiativ og er trygg i rolla som prosessdrivar, og har erfaring med å handtere fleire oppdrag samtidig.
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.