Lignende stillinger
Vi har no ledig to 50 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar i nattevaktsteamet ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund.
Både dei med og uten relevant vidareutdanning kan være aktuelle for stillingane. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. nattevaktturnus med arbeid kvar fjerde helg og har i gjennomsnitt 7 vakter per 4 veker.
Seksjon for avrusing tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Seksjonen er døgnbemanna. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderer mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, 70 17 13 89, [email protected]
Line Olaisen, Teamkoordinator, 70 17 13 34, [email protected]
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5003420173
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 19.09.2025