Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Fv49 150, 5694 TYSNES
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!


Er du klar for å være med på  å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei spanande ledig stilling som maskinsjef i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, om bord MF Julsund. Denne hybridferja, bygd i 2004, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel vaktordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt. 
  • Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument. 
  • Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav. 
  • Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. 
  • Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift - 3 veker på og 3 veker av.

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 479 95 295, [email protected]

Arbeidsstad

Fv49
5414 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4943831311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2025