Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Lærarstillingar (fast og vikariat)

Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune

Solås 2, 3855 NISSEDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor. Skulane i Nissedal er oppteke av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vidare studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.         

Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledige lærarstillingar (fast og vikariat) av ulik storleik for skuleåret 2025-2026 

Vi treng lærarar som kan undervise i faga:

  • Norsk
  • Arbeidslivsfag
  • Kunst og handverk
  • Musikk
  • Naturfag
  • Engelsk
  • Mat og helse

Vi treng og lærarar som kan undervise i:

  • Spesialpedagogikk
  • Byrjar-opplæring

Arbeidsoppgåver

Oppgåver:

  • Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane si faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
  • Som lærar må ein i stor grad samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
  • Jobben inneber om å samarbeide tett med lag-leiar og leiinga for skulen, og eksterne samarbeidspartnarar til det beste for eleven.
  • Ved nokre av stillingane vil ein få rolle og ansvar som kontaktlærar og ha ansvar for ei klasse heile skuleåret. 

Kvalifikasjonar

Krav til den tilsette:

  • Det er krav om lærarutdanning, med kompetanse innan dei ulike fagretningane.
  • Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) er og mogleg.
  • Det er ønskeleg med erfaring innan dei ulike fagretningane.
  • Som kontaktlærar er det ønskjeleg med erfaring.
  • Det er ønskeleg med utdanning innan spesialpedagogikk. 

Personlege eigenskapar

Vi vil vektlegge:

  • Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
  • Skulane arbeidar aktivt med IKT, der elevar og tilsette har kvart sitt læringsbrett. Interesse og kunnskap om IKT og digital utvikling er difor viktig.
  • Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.

Vi tilbyr

  • Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
  • Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
  • Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Kontaktinformasjon

Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482, [email protected]

Arbeidsstad

Solås 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 4959901712
Stillingsprosent: 50, 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 08.05.2025