Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Open søknad - tilkallingsvikar i skule, SFO og barnehage

OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune

NORDFJORDEID, 6770 STAD
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Skulane og barnehagane i heile Stad kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar og vikarar for korte periodar. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i skule, SFO eller barnehage i kommunen er du velkomen til å søkje. 

Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Meir informasjon om skulane og barnehagane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no 

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.


Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid i skule, SFO og barnehage i Stad kommune

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i skule og barnehage i Stad kommune
  • Du er gjerne i eit relevant studieløp
  • Alle som arbeider i skule, SFO og barnehage må framvise gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter deg som samhandlar godt med både barn, foreldre og personalet
  • Du må vere ein god, trygg og tydeleg vaksen for barna
  • Du likar å jobbe med barn, skape trygge og gode dagar for barna

Vi tilbyr

  • Ekstraarbeid, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste.

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.

Kontaktinformasjon

Ida Elisabeth Sjåstad, spesialkonsulent, +47 98644156

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4991145776
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025