Lignende stillinger
Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Omtale av stillinga
Kan du tenkja deg å delta i eit viktig utviklingsarbeid i Kvinnherad kommune?
Eining Barn og familie har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved avdeling Familiestøtte for snarleg tilsetting.
I Kvinnherad kommune er dei fleste hjelpetenester til barn, unge og deira familiar samla hos Eining Barn og familie. Einingsleiar vert avdelingsleiar sin næraste overordna.
Familiestøtte består av to ulike team. Ungdomsteamet med ungdomslos, utekontaktar og ungdomsleiarar som driftar dei to ungdomsbasane i kommunen er eit team med ansvar for lågterskeltilbodet til ungdom i kommunen. Avdelingsleiar må rekne med å jobbe noko kveld og helgearbeid for å gje god støtte og rettleiing til dei tilsette i teamet.
Frå hausten av, vil sakshandsaming etter Helse –og omsorgstenestelova for barn, unge og deira familiar vere del av avdelinga saman med tiltakskonsulent som sett i verk avlastande vedtak om støttekontakt og avlastingsheimar både etter helse og omsorgstenestelova og barnevernlova, samt følger opp alle tilsynsførarar i kommunen. Desse vil utgjere helse og omsorgsteamet.
Avdelingsleiar vil også vere kommunen sin SLT-koordinator og ha ansvar for å drifte det kommunale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom offentlege og private instansar. Gjennom felles målretta tiltak skal ein arbeide førebyggande for å redusere rusmiddelbruk og kriminalitet bland barn og unge. Ordninga har til hensikt å utnytte eksisterande tiltak og ressursar mest mogeleg effektivt, og legg opp til eit nært og uforpliktande samarbeid mellom kommune, politi/lensmannsetat og private aktørar.
Viktige fokusområde i avdelinga er tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av førebyggande arbeid og lågterskeltilbod for barn og unge i kommunen. Medarbeidarane i tenesta er ein viktig ressurs for oppgåvene som skal utførast. Det er av den grunn sentralt å sikre fagleg rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og trivsel i tenesta. Å søke midlar for å gjennomføre forskjellige arrangement og tenesteutvikling er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga. Avdelingsleiar vil som fagleg og administrativt ansvarleg for avdeling Familiestøtte, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har ansvar for:
Kvalifikasjonar
Vi søkjer medarbeidar med 3 årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, men andre med relevant utdanning kan og søkja. Det er og ynskjeleg at den som søkjer har relevant vidareutdanning, gjerne innan for administrasjon og leiing.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.