Lignende stillinger
Kunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? Sandane heimeteneste søkjer engasjerte tilsette til helgestillingar med arbeid tredje kvar helg!
Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi.
Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!
Tilsetting: snarast
Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.