Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Miljøterapeut - 85% fast

Alver kommune

Havnevegen 53, 5918 ALVER
Fast
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Vi har ein spennande moglegheit for deg!

Frå 01.08.25 har vi ledig ei fast stilling som miljøterapeut i 85 % stilling ved Meland ungdomsskule. Skulen har frå før ein miljøveiledar som du vil arbeide tett saman med. I tillegg vil du arbeide tett saman med undervisningspersonale og fagarbeidarar/assistentar på skulen vår. 

Stillinga føl skuleruta, i undervisningsfrie periodar vil du ha arbeidsfri. 

Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug, med kort avstand til Bergen og enkel tilgang til kollektivtransport som buss og hurtigbåt. Skulen vår har ein stolt historie og ei utruleg utsikt over fjorden og naturen som omgir skuleområdet. Med omtrent 200 elevar og eit personale på vel 30 dyktige medarbeidarar, er skulen vår prega av mangfald og fellesskap. 

Vi er stolte over å vere ein MOT-skule med stort fokus på eit positivt og støttande læringsmiljø, der vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar. For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter og ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnlege ferdigheiter. 

Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss. 


Arbeidsoppgåver

Du skal gje individuell støtte og rettleiing til elevar med særleg behov, ein til ein eller i liten gruppe, både i klasserommet og i ulike situasjonar. 

Som miljøterapeut er ein del av skulens miljøfaglege ressursar, samt skulens kollegium som jobbar tett saman til det beste for elevane. 

Vi ønsker kompetente vaksne som skal støtte elevane sosial, emosjonelt og fagleg, og bidra til at dei opplever læring og meistring. Det betyr planlegging, igangsetting, rettleiing, oppfølging og tilrettelegging. Arbeidet vil variere etter elevanes behov, og planleggast saman med leiare og lærarane. 

Du skal bygge sterke samarbeidsbånd gjennom å delta i tverrfagleg samarbeid med lærarar, andre fagpersonar og aktuelle instansar for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane. Ved å samanføre ulike perspektiv og kompetansar, skal du skape eit kraftfullt nettverk av støtte rundt elevane og bidra til eit inkluderande og givande læringsmiljø.

Gjennom samarbeid med heimen skal du gje verdifulle råd og rettleiing om individuell tilrettelegging og ressursar. Ved å vere ei kjelde til informasjon og støtte for heimen, skal du sikre ein heilskapleg tilnærming til elevane si utvikling og trivsel. 


Kvalifikasjonskrav

 

  • Godkjent relevant 3-årig høgskuleutdanning td. vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom
  • God innsikt og forståing for gjeldane lovverk
  • Relevant og allsidig erfaring frå grunnskule, helst frå ungdomstrinn
  • Kunnskap om og erfaring med å setje i gang tiltak basert på kartlegging og undersøkingar
  • Kunne gje og ta imot rettleiing, erfaring med å leie og koordinere arbeid 
  • Kunne jobbe systematisk og strukturert
  • Du er kompetent og har erfaring med å arbeide med elevar som har helserelaterte utfordringar 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar 

  • Du er varm og inkluderande i møte med elevar
  • Brenner for arbeid med skulemiljøet til elevane
  • Høg relasjonskompetanse og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Du er fleksibel, løysingsorientert, strukturert og har ansvarsmedvite
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag, men har og evne til å ha det gøy på jobb
  • Noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast etter nærare avtale
  • Du er god til å skape tryggleik og gode relasjonar med elevar, føresette og kolleger 

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i rekrutteringsprosessen 

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr

  • Fagleg oppfølging og rettleiing
  • Lønn etter avtaleverket 
  • Eit sosialt og inkluderande personale 
  • Ein positiv arbeidsplass

Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt skule


Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!