Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vikariat i norsk, samfunnskunnskap og geografi

AMA - AMALIE SKRAM VGS, Vestland fylkeskommune

BERGEN, 5015 BERGEN
Vikariat
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Skolen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena. 

Skolen har ledig ca 95 % vikariat i norsk, samfunnskunnskap og geografi, frå og med 01.08.25 - 09.03.26.  

I alle tilsettingprosessar knytt til tilsettingar ved skolen, må ein vere førebudd på å gjennomføre ein prøvetime om ein blir kalla inn til intervju. 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på fleire trinn og fleire utdanningsprogram.
  • Kontaktlærarfunksjon.
  • Samarbeid med andre tilsette på avdelinga, og på tvers av avdelingane på skolen.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Undervisningserfaring frå vidaregåande skole er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
  • Du bidreg til å skape gode relasjonar mellom elevar og lærarar.
  • Du er inkluderande og utviklingsorientert.
  • Du har god pedagogisk forståing.
  • Du har god digital kompetanse og held deg oppdatert på ny teknologi.
  • Du har eit positivt menneskesyn.
  • Du er initiativrik og bidreg til profesjonsfellesskapet.
  • Du deler kunnskap og erfaringar, og tek imot rettleiing med eit ope sinn.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Nært samarbeid med kollegaer.
  • God delingskultur.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for personleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Tove Heradstveit, avdelingsleiar, 97627278

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4965374856
Stillingsprosent: 95%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 09.03.2026
Søknadsfrist: 23.05.2025