Lignende stillinger
Ledig 100 % vikariat som kommunefysioterapeut i Tokke kommune
Tokke kommune søkjer ein fysioterapeut i 100% vikariat frå 16.06.25 tom. 20.02.26, med høve til forlenging.
Arbeidet er knytt opp til kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og frisklivssentralen. Arbeidstida er dagtid, og kommunen har fleksitidsordning.
Kommunen har to 100% kommunale fysioterapistillingar, ein 100% ergoterapeut, samt to fysioterapeutar med 100% og 80% driftstilskot som driv eige institutt. Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit , godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune prioriterer utvikling av fagkompetanse og tenestene i kommunen. Du vil få erfaring innan fleire fagområde som ortopedi, nevrologi, kvinnehelse, folkehelse, barn og geriatri. Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar. I tillegg har kommunen eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit ungt, godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar
Nyutdanna fysioterapeutar vert oppfordra til å søkje!
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Tiltreding: Ynskjeleg frå 16.06.25, men kommunen er open for søkjarar som kan tiltre etter dette.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, [email protected], eller fagleiar for fysioterapi Sigrid M. Aarsland tlf. 47653192.
Velkomen som søkjar!