Lignende stillinger
Har du fagleg kompetanse og engasjement for tverrfagleg spesialisert rusbehandling – og lyst til å leie utviklinga av poliklinikken vår?
Funksjonsleiar i TSB poliklinikken inngår pr i dag i leiarteam ved Haugaland DPS, men vil frå oktober 2025 vera ein del av nyoppretta Avdeling for Rus og Avhengigheit (ARA) i Helse Fonna. Det innebærer ei nøkkelrolle i utforming og utvikling av TSB-poliklinikken som del av ei styrka satsning på TSB-området.
Ved å samle ressursar og fagutvikling innan TSB i ei avdeling, er intensjonen å bygga ei god og framtidsretta tjeneste. ARA vil utover TSB Poliklinikk omfatte TSB-post i Kopervik, Avgiftningspost lokalisert til Haugesund sjukehus, samt LAR-poliklinikk Haugesund og LAR-poliklinikk Karmøy.
TSB poliklinikken er ein tverrfagleg poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og sjukepleiarar. Poliklinikken har ansvar for utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta.
Poliklinikken dekkjer eit stort område, og har lokasjonar både på Karmøy og i Haugesund. Arbeidsstad vil soleis ha noko fleksibilitet i utforming.
I det vidare utviklingsarbeidet ser vi fram til å få ein ny leiarkollega med på laget, og oppfordrar deg til å søkje.
Dersom du har spørsmål eller avklaringar som relevante for å avklare interesse for stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar på telefon.
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd