Vil du jobbe med elektroinstallasjon i eit engasjert team?
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsdivisjonen i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire til teamet vårt. Vi er på jakt etter deg med interesse for elektroinstallasjon innan skipsindustrien. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver, vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg, og vi har fokus på at personleg utvikling er viktig for trivsel.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere variert installasjonsarbeid om bord på skip.
Kvalifikasjonar og erfaring
Dei fleste av våre tilsette har fagbrev som elektrikar gr. L. Mange av arbeidsoppgåvene våre krev også at du har praktisk og teknisk forståing, og det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre, og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksitidsavtale for våre tilsette. Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunde med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.
Kontaktinformasjon
Atle Moldskred, Department Manager Production, 47021540,
[email protected]
Dagbjørn Myklebust, Head of Administration, +47 90545468,
[email protected]
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS
Referansenr.: 4880132518
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025