Lignende stillinger
Vi søkjer ny kollega i fast stilling!
Nevropsykologisk poliklinikk høyrer til Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna. Poliklinikken er i ei særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske poliklinikken har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.
Avdeling psykisk helsevern Haugesund, kor poliklinikken er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske poliklinikken Lærevanske- og utviklingsforstyrrelsespoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk som har tre psykologar under spesialisering og ein psykologspesialist. Avdelinge er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi tre ansatte med PhD. Søkjarar med ambisjonar innan forsking vert vektlagt, men er ikkje eit krav i stillinga.
LES MEIR HER: BLI PSYKOLOG HOS OSS
Hos oss er det viktig at du:
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.