Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Bli med på laget! Vi søker medarbeidarar til ny sengepost for akuttgeriatri og infeksjon

Avdeling for rusmedisin/ AFR Martens, Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi opnar ny sengepost hausten 2025. Vil du vere med å forme ny sengepost og gi den beste behandlinga til eldre, skrøpelege pasientar med akutt funksjonssvikt eller akutte infeksjonar?  

Vi bygger opp eit nytt tverrfagleg team og treng sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar som ønsker å vere med frå starten.

  • Fast tilsetting og 100% stilling i klinikken
  • Spennande fagmiljø med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling
  • Tett samarbeid i eit tverrfagleg team – vi lærer av kvarandre og utviklar oss saman


Kvifor velje oss?

Bli med frå starten! Dette er ei unik moglegheit til å vere med på å skape eit trygt og sterkt arbeids- og fagmiljø frå dag éin.

Fagleg utvikling: Vi tilbyr kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri og infeksjonsmedisin.

Variert kvardag: Ingen dagar er like!

Kven ser vi etter?

  • Sjukepleiarar – både nyutdanna og erfarne
  • Spesialsjukepleiarar innan geriatri, infeksjon, palliasjon eller liknande
  • Deg som er engasjert, som trivst med teamarbeid og ønsker å gjere ein forskjell

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg sjukepleie til eldre pasientar med akutte og komplekse tilstandar
  • Observasjon, vurdering og oppfølging av pasientens helsetilstand
  • Administrering av medikament og andre behandlingsprosedyrar i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell for å sikre tverrfagleg behandling
  • Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande, inkludert informasjon om behandling og rehabilitering
  • Dokumentasjon av pasientopplysningar i elektronisk pasientjournal
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg kvalitetsforbetring

Kvalifikasjonar

For sjukepleiar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste er ønskeleg, men nyutdanna er også velkomne til å søke
  • Interesse for geriatri, infeksjonsmedisin og akuttmedisin
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel

For spesialsjukepleiar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning innan geriatri, infeksjonsmedisin, palliasjon, intensiv eller anna relevant fagområde
  • Erfaring frå sjukehus eller relevant spesialisthelseteneste
  • Gode ferdigheiter i klinisk vurdering, medikamenthandtering og pasientbehandling

Personlege eigenskapar

  • Trygg og omsorgsfull – Evnar å skape tryggleik for eldre, sårbare pasientar gjennom god kommunikasjon og omsorg
  • Fleksibel og løysingsorientert – Taklar uforutsigbare situasjonar og finn gode løysingar i ein travel arbeidskvardag
  • Gode samarbeidsevner – Trivst i eit tverrfagleg miljø og samarbeider godt med både kollegaer og pårørande
  • Tolmodig og roleg under press – Bevarer roen i krevande situasjonar og gir pasientane den støtta dei treng
  • Fagleg engasjert – Har interesse for geriatri og ønsker å bidra til kvalitetsutvikling og fagleg vekst

Vi tilbyr

  • Tryggleik i jobben og gode utviklingsmoglegheiter
  • Arbeid i eit spesialisert team med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling
  • Vi legg til rette for kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri, infeksjonsmedisin og akuttbehandling
  • Varierte og spennande arbeidsdagar – Jobb med pasientar med komplekse og akutte tilstandar i eit dynamisk miljø
  • Vi jobbar tett saman i eit team med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og anna helsepersonell
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø – Vi ønskjer eit team der vi støttar, lærer av og utviklar oss saman
  • 3 delt turnus


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Fjæreide Myhre, Seksjonsleiar, 95156330

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4976926314
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2025