Lignende stillinger
Vi søkjer etter en dyktig og omgjengeleg medarbeidar til SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, til fast 20 % stilling som konsulent (stillingskode SKO1065).
SV-info har som hovudoppgåve å gje studieinformasjon og yte tenester til studentar og søkjarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.
SV-info handsamar førespurnadar via skranke, e-post, telefon og chat, og har fire fulltidstilsette og seks deltidstilsette. Vi held til i første etasje i Eilert Sundts hus, Blindern. Opningstid er måndag til fredag kl. 09 -15.00.
Arbeidsoppgåvene vil vere å svare på studentførespurnadar i tillegg til diverse påkomande arbeid.
Primær arbeidstid er ein dag i veka (20%), i tillegg vil det vere tilbod om ekstravakter ved behov. I hektiske periodar, som ved semesterstart i august, må du kunne arbeide 3-5 dagar i veka. Vi forventar òg ekstra innsats i januar, juni og desember samt ved ferieavvikling i juli.
Vi ser etter deg som:
I tilegg bør du:
Som tilsett ved SV-info vil du arbeide i ope landskap i eit team samansett av dyktige tilsette som speler kvarandre gode. Vi samarbeider også mykje med kollegaer ved andre einingar. Det er viktig at du sjølv ønskjer å bidra og arbeide i eit slikt miljø. Vi legg stor vekt på at personen vi tilset passar i stillinga.
Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Søknadsfrist er 07.11.2024.
Vi ønsker tiltreding i midten av desember.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For spørsmål om stillingen og søknadsprosessen: Avdelingsleiar Marte Kløvrud Rognstad, [email protected]
For spørsmål om søknad og elektronisk søknadsportal: Gemma Knutsmoen, [email protected]