Lignende stillinger
Dette er ein sommarjobb der du kan utgjera ein forskjell i kvardagen til dei som treng våre tenester. Om du kan gje oss av di arbeidsglede, engasjement og vilje til å lære nytt, set vi pris på det. Du vil få verdifull arbeidserfaring og kjennskap til arbeid innan helse og velferd. Spesielt ønskjer vi deg som har kunnskap om / erfaring med helsearbeid. Vi skal ta godt imot deg.
Vi treng ferievikarar for perioden 16.06 - 24.08.2024 (veke 25 - 34). Det er ønskjeleg at du skriv i søknad om det er nokre veker du ikkje kan jobbe. Om du har spesielle ønskje for arbeidsstad, kan du krysse av for dette i søknadsskjema.
Du inngår i turnus og arbeider saman med andre tilsette som vil gje deg god opplæring.
Det kan òg vera mogleg med fast helgestilling og/eller ekstravakter utanfor ferieperioden.
Har du spørsmål om stilling, arbeidsplass eller tilsettingsprosess, finn du kontaktinfo nedanfor.
Tenestestadar og kontaktinformasjon:
Avlastingsbustader barn og unge, Straume, Skogsvåg og Rong. Barn og unge med særskilde behov.
Monica Førde Landro: 95808536, [email protected]
Bufellesskap / dagsenter til menneske med nedsett funksjonsevne, Straume, Skogsvåg og Rong. Bufellesskap og dagtilbod. Vi har alternative turnusordningar, til dømes langvaktsturnus og døgnturnus.
Kristin Straume: 99799526, [email protected]
Heimetenester, Skogsvåg, Straume og Ågotnes. Heimesjukepleie og heimehjelp til heimebuande.
Kate Samland Løland: 95071121, [email protected]
Marianne Våge Berland: 90159103, [email protected]
Fjell Sjukeheim, Straume. Pasientar langtidsopphald, korttidsopphald og avlastning. Eige produksjonskjøkken.
Eivind Flem: 47799173, [email protected]
Kvednatunet, Ågotnes. Heim for 40 menneske med demensdiagnose som treng heildøgnsomsorg, fordelt i fire bufellesskap.
Ingrid-Alice Ingebrigtsen: 55096212 / 97537243, [email protected]
Straume bu og servicesenter, Straume. To bufellesskap for eldre og eit bufellesskap for utviklingshemma. Dagavdeling og omsorgsbustader med 28 husvære.
Helen Ågotnes: 56160440, [email protected]
Sundheimen, Skogsvåg. Sjukeheim, somatisk og demensavdeling. Dagtilbod og eige kjøkken.
Janne Thode: 45044569 / 56339720, [email protected]
Tednebakkane omsorgssenter, Rong. Somatisk, demens og ekstra skjerma avdeling. Dagtilbod og eige kjøkken. Ingeborg Tovås: 91629522 / 56382353, [email protected]
Øygarden lokalmedisinsk senter, Straume. Korttidsplassar og augeblikkeleg hjelp (ØH).
Tonje Tangen Alvsvåg: 55097220 / 99700857, [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.