Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Tilkallingsvikar

Rauland skule, Vinje kommune

Rjukanvegen 7, 3864 VINJE
Annet
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Me treng tilkallingsvikarar sjå oss gjennom heile skuleåret.

Studerar du og/eller har ledig tid av ulike årsakar, og er interessert i ein tileggsjobb, då håpar me at du kontaktar oss. 


Arbeidsoppgåver

  • vikar i undervisning
  • vikar på SFO
  • ha ansvar i heil klasse, i lita gruppe eller med enkeltelevar
  • kunne dokumentere litt skrifteleg der det er behov for det

 

    Kvalifikasjonar

    • Ingen formelle kvalifikasjonar

    Personlege eigenskapar

    • Du må sjå etter det beste i elevane
    • Du må vere god på relasjonar
    • Du må vere ein tydeleg og trygg vaksen
    • Du må vere god på å kommunisere med andre
    • Du må ta initiativ, ta ansvar og vere sjølvstendig
    • Du må vere strukturert og halde tidsfristar
    • Du må samarbeide godt
    • Du må vera positiv og villig til å lære nye ting
    • Du må vere glad i aktivitet både ute og inne

     

    • Du vil kunne få telefon tidleg på morgonen og måtta stille på kort varsel

    Vi tilbyr

    • Ivrige og engasjerte elevar
    • Fagleg dyktige kollegaer med godt humør og stor takhøgde
    • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale

    • Kandidatar vert tatt inn fortløpande
    • Du vel sjølv kor mykje og når du ynskjer å arbeide, utfrå våre behov på skulen og SFO. 

    Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
    Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
    Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.

    I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
    I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

    Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Kontaktinformasjon

    Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799

    Arbeidsstad

    Rjukanvegen 7
    3864 Rauland

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vinje kommune

    Referansenr.: 4845123721
    Stillingsprosent: 99%
    Anna, Vikar
    Startdato: 19.08.2024
    Sluttdato: 20.06.2025
    Søknadsfrist: 20.06.2025