Vi søkjer ein framoverlent leiar til Familievernkontoret, Bergen og omland. Kontoret har til saman ca. 40 tilsette med høg kompetanse og stort fagleg engasjement. Familievernkontoret Bergen og omland har kontor i Bergen, Stord og Odda, med utkontor på Voss og Husnes. Kontoret dekkjer 19 kommunar, samt 3 bydelar i Bergen kommune.
Familievernet er ei lågterskelteneste med spesialkompetanse på familierelaterte og relasjonelle problemstillingar. Familievernet gjev tilbod til familiar som sjølv oppsøkjer tenesta med ulike relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, grupper, kurs, mekling, tilsyn v/ samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barnet etter samlivsbrot.
Familievernet er i utvikling, og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom familievernets tenestetilbod.
Familiekontorets oppgåver er heimla i Lov om familievernkontor og styringsdokument frå Bufdir.
Det er til saman seks familievernkontor i Region vest. Einingsleiar inngår i eit leiarfellesskap saman med dei andre einingsleiarane og avdelingsdirektør.
Arbeidsoppgåver
Einingsleiars oppgåve er å medverka til å gjennomføra vårt samfunnsoppdrag med høg kvalitet, riktig hjelp til riktig tid og tilpassa det enkelte barn, ungdom og familie. Me ser alltid etter mogelegheiter for å gjera gode tenester betre. Einingsleiar skal medverka til å sikra dei resultatkrav som vert stilte til ein kvar tid frå barne- ungdoms og familiedirektoratet. Dette er ei leiarstilling med krav til leveransar innan faglege resultat- og målkrav og til å sikra drift innan gitte rammar, personaloppfølging og fagutvikling. Leiar har fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for verksemda:
- Utarbeida lokale planar med faglege mål og styringstiltak og å gjennomføra, evaluera og stå ansvarleg for kontoret sin leveranse på oppdrag innanfor gitte rammer og i høve til regelverk
- Økonomistyring og budsjettansvar
- Personalansvar
- Medverka til likeverdige tenester og til å oppnå mål saman med eigne tilsette og regional i samarbeid med dei andre einingsleiarane
- Fagleg samarbeid med andre instansar
- Synleggjering av familievernet sitt arbeid i befolkninga og overfor samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, leiarutdanning og leiarerfaring med gode resultat
- Krav om forståing for kompleksiteten til tenesteområdet
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og evne til å jobba effektivt med relevante dataverktøy
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan familieterapi og erfaring frå arbeid innan tenestetilbod barn og familie
- Ønskjeleg med vidareutdanning i leiing og administrasjon
- Ønskjeleg med kjennskap til statleg styring, og søkjar må vera fortruleg med rapportering, analyse og tiltak som vert følgt tett opp for å nå resultatkrav
- Engasjement og toleranse for ulikheiter og mangfald er ein føresetnad
Personlege eigenskapar
Familievernkontoret for Bergen og omland ønskjer ein engasjert, trygg og tydeleg leiar som likar å skapa resultat saman med sine medarbeidarar:
- Sjølvstendig, stabil og proaktiv
- Trygg og strukturert
- Inkluderande, tolerant og motiverande
- Evne til å styra og leia i felles retning etter dei mål og føringar Bufdir og Bufetat til ei kvar tid set
- Likar utfordringar og å utfordre andre
- Har god arbeidskapasitet
- Likar å oppnå resultat saman med dyktige tilsette
- Å vera personleg eigna som leiar vil verta tillagt stor vekt
- Den som vert tilsett, skal sikra at våre klientar mottek kvalitetssikra tenester og god service
Vi tilbyr
- Stillinga er 100% fast og plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1493 leiar, p.t. 820.000 - 910.000 kr pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Faglege og spanande utfordringar i eit felt som er i endring
- Høve til å forme rutinar og arbeid i ein dynamisk eining
- Å vere ein del av ei aktiv, inkluderande og utviklingsorientert leiargruppe
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Ei leiarstilling med mogelegheit til å medverka til utvikling av tenestetilbodet og som gjev stort handlingsrom innanfor rammene
- Fleksibel arbeidstid
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Familievernkontoret for Bergen og omland
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Vibeke Angelskår Erstad, Avdelingsdirektør , 92224599
Arbeidssted
Solheimsgaten 13
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4951556840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025