Lignende stillinger
Tysnes legekontor er eit kommunalt legekontor som spelar ei sentral rolle i helsetenesta i Tysnes kommune.
Kontoret tilbyr eit breitt spekter av helsetenester innan allmennmedisin og legevakt - og har funksjonar som kommuneoverlege, fastlegar, kontorpersonale og legevaktsteneste samla under eitt tak. Me har òg eit godt utstyrt laboratorium.
Legekontoret er organisert under einingsleiar med ansvar for fire legar og to kontormedarbeidarar med helsefagleg bakgrunn.
To av våre dyktige medarbeidarar skal gå av med pensjon. For å erstatte éin av desse, søkjer me no etter ein helsesekretær til ei fast 100 % stilling. Me ser etter deg som er engasjert i faget og ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der kvalitet og samarbeid står i fokus.
Me ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.
Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som har:
Erfaring frå legekontor, særleg innan ekspedisjonsarbeid og pasientkontakt, tel positivt.
Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja, er det krav om å leggje fram politiattest i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetenester til innbyggjarane våre? Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss vil du få varierte og faglege utfordringar i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få høve til å utvikla kompetansen din, med god opplæring og fokus på fagleg kvalitet. Arbeidskvardagen er både hektisk, lærerik og meiningsfull – og du blir ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg engasjement.
Tilsetjing hos oss gir medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse, noko som betyr ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, i tillegg til høve til å søkja bustadlån med gunstige vilkår.
Løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Synest du dette verkar som ei spanande stilling, eller er det noko du lurar på etter å ha lese utlysinga? Då er du velkomen til å ta kontakt med oss!
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.