Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet "DIGI.PARK ”, og er finansiert av Unifob og GC Rieber Fondene. Prosjektet er basert på tett samarbeid med Neuro-SysMed, Senter for klinisk behandling av nevrologiske sykdommer, Haukeland universitetssykehus.
DIGI.PARK er eit pågåande forskingsprosjekt med overordna mål om å utvikle nye metodar og kunnskap for å kvantifisere og overvake motoriske symptom ved Parkinsons sjukdom. Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans. Deltakarar er heimebuande personar med Parkinsons sjukdom som bidreg med data frå sensorbasert teknologi i tillegg til tradisjonell klinisk kartlegging og oppfølging i samarbeid med poliklinikk ved Neuro-SysMed. DIGI.PARK er eit delprosjekt under paraplyen AktivAldring.
Meir informasjon om DIGI.PARK og Aktiv Aldring finst her: https://www.uib.no/sefas/146808/skal-dokumentere-fordelen-av-et-aktivt-liv
DIGI.PARK inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS, og prosjektgruppa består per i dag av to stipendiatar og to postdoktorar. Alle er tilsett ved SEFAS og deltek i Neuro-SysMed sitt forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre og personar med demens og Parkinsons sjukdom. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.
Som hovudoppgåve skal stipendiaten ha ansvar for å utvikle metodar for å overvake symptom på Parkinsons sjukdom som ein del av DIGI.PARK der heimebuande personar skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering (kombinasjon av bærbare og stasjonære sensorar, med aktiv og passiv registrering).
Stipendiaten har ansvar for datainnsamling til DIGI.PARK i samarbeid med to andre stipendiatar og to postdoktorar. Dette kan være oppgåver som å følgje opp deltakarar, installere og implementere intervensjonen, og følgje opp datainnsamling.
Stipendiaten skal også behandle og analysere datasettet i samarbeid med kompetansegrupper ved Neuro-SysMed og Universitetet i Bergen. Desse oppgåvene inkluderer: signalbehandling frå bærbare einingar (f.eks. filtrering og fjerning av støy), estimering og validering av indikatorar for motoriske symptom (t.d. tremor, bradykinesi, dyskinesi).
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HKdir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet |
UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-tilengelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bettina Husebø, e-post: [email protected]; mobil +47 48094660 UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.