Lignende stillinger
NIBIO - Divisjon miljø og naturressursar, lyser ut ei fast heiltids stilling, primært for å styrke oppdragskapasiteten til divisjonen innan jordfag. Stillinga er tilknytta avdeling Grøntanlegg og vegetasjonsøkologi.
Avdelinga består per i dag av 15 forskarar og stipendiatar og er i stor grad involvert i oppdragsforsking og faglege konsulenttenester. Avdelinga har forskarar på Ås, på Landvik ved Grimstad og Særheim på Jæren. Arbeidsstad for denne stillinga er Ås.
Viktige arbeidsoppgåver dei næraste åra vil vere knytt til prosjekt innan masseforvaltning som skal sikre at godt jordsmonn ikkje går tapt ved utbygging av vegar, jernbane eller annan utbygging, men i størst mogleg grad kan nyttast/reetablerast på andre areal. Andre oppdrag der jordkompetanse trengst, kan handle om revegetering av forstyrra areal og restaurering av natur- og jordbruksmark. Jordblandingar til anleggssektoren er òg eit tema. Dersom du blir tilsett som forskar, vil arbeidet veksle mellom oppdragsutgreiingar, forskingsaktivitetar og vitskapleg publisering.
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativet som forskar kode 1108 (master), forskar kode 1109 (doktorgrad), seniorforskar kode 1183, eller som rådgivar/seniorrådgivar kode 1434/1364. Årsløn kr 565.000 – 870.000. Kode og løn blir vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, samt tilbod om bustadlån til gunstig rente.
Meir om NIBIO som arbeidsgivar finn du her: Jobb i NIBIO
CV fyllast ut elektronisk og sendast via lenkje på denne sida, "søk stillinga". I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
. Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2QVi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.