Lignende stillinger
Vil du vere med å forme framtida til elevar og tilsette ved Kviteseid skule? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor som vil leie ein samla grunnskule i hjarta av Vest-Telemark
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav er fastsett i Opplæringslova § 9-1
Me treng ein tydeleg, løysingsorientert og fleksibel rektor som har:
evne å samle laget og bidra til godt og trygt arbeidsmiljø
god forståing for god økonomistyring, gjerne med dokumenterte resultat
erfaring frå undervisning med elevar i grunnskulen
nnsikt i nyare forsking og skuleutvikling
pedagogisk og administrativ kompetanse
kjennskap til aktuelle lovar og avtaleverk
Det er ein fordel om du har:
leiarerfaring frå skule eller annan relevant verksemd
god forståing for økonomi- og personalforvaltning
Me ser etter deg som:
er ein tydeleg, samlande og tillitsskapande leiar
har evne til å motivere og rettleie medarbeidara
har høg gjennomføringsevne og stå-på-vilje
er fleksibel og løysingsorientert
Som rektor har du det overordna ansvaret for:
leie skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak
vidareutvikle ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
forvalte skulen sine totale ressursar slik at ein sikrar god undervisning og læring
ha økonomi-, fag- og personalansvar
vidareutvikle det pedagogiske arbeidet
nytte forskingsbasert kunnskap og skape engasjement om felles mål
Skulehelseteneste og helsestasjon
eit godt fagleg miljø
moglegheit til å forme utviklingsarbeidet ved skulen
Gode lønnsvilkår
Gode pensjonsavtaler