Lignende stillinger
Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av dekksoffisersutdanninga?
Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillingen for deg!
Avdelinga i Austevoll søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.
Om Fagskulen Vestland
Med over 1700 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar
mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Anna:
For søkjarar som ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse, legg skulen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takas samstundes med undervisningsstillinga.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd kan opplysningar om søkjarenverte offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand om søkjerlista vert offentleggjort
Håvard Endre Waage, avdelingsleiar, 92482123
Sauganeset 18
5392 Storebø
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4943287654
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025