Lignende stillinger
Fitjar kommune har fått statleg tilskot frå Utdanningsdirektoratet til å vidareutvikla skulebiblioteket som ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i skulane våre. Me søkjer derfor etter ein (eller to) prosjektmedarbeidar(ar) i inntil 90 % stilling for eit år med moglegheit for deling i to stillingar à ca. 35--45 %.
Om stillinga:
Prosjektet skal styrka leselyst, leseforståing og kritisk medvitsarbeid hjå elevane gjennom systematisk bruk av skulebiblioteket som læringsarena. Prosjektmedarbeidaren(e) vil samarbeida tett med lærarar og bibliotekar for å utvikla og gjennomføra:
Lesekvart i alle klassar
Struktur og innhald for <<den gode bibliotekstimen>>
Leselyst- og leseprosjekt på ulike trinn
Undervisning i kjeldekritikk og informasjonskompetanse
Oppfølging av lesestrategiar og kommunal skulebiblioteksplan
Implementering av lokal leseplan
Kvalifikasjonar:
Pedagogisk utdanning og erfaring frå arbeid i skule
Gjerne erfaring frå liknande prosjekt eller utviklingsarbeid i skulebibliotek
God digital kompetanse og evne til å nytta biblioteket aktivt i undervisning
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid med fleire aktørar
Personlege eigenskapar:
Initiativrik, strukturert og engasjert
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Interesse for lesing, litteratur og elevmedverknad
Vi tilbyr:
Ein spennande moglegheit til å vera med på å styrka lesing og læring i skulen
Eit fagleg utviklande samarbeid med lærarar og bibliotek
Moglegheit for fleksibel organisering av stilling, avhengig av søkjarar og behov
Stillinga er eit prosjekt med varigheit eitt år, med ønskje om oppstart hausten 2025.