Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Utdanningskoordinator for maritim kompetanseberedskap

NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal, Ålesund videregående skole og Borgund vidaregåande skole

Larsgårdsvegen 2, 6009 ÅLESUND
Engasjement
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Maritim kompetanseberedskap er ein samarbeidsarena mellom utdanning, forsking, forsvar og sivilt næringsliv for å bidra til å skaffe dei maritime ressursane Noreg treng.  

Vi leverer norske fagfolk i alle steg av planlegging, bygging og ombygging, vedlikehald og drift av nye og eksisterande fartøy. All utdanning av fagfolk skjer i tett samarbeid med eit verdsleiande næringsliv. 

Utdanningsmiljøa ved Campus Ålesund og i regionen leverer maritim kompetanse på alle nivå frå vidaregåande skole, høgare yrkesfagleg utdanning og universitetsnivå.  

Utdanningskoordinator for maritim kompetanseberedskap jobbar i team med forsvarskoordinator og prosjektleiar. Kontorarbeidsplass vil fortrinnsvis vere på Campus Ålesund. Noko reise må påreknast.

Tilsetjinga vil gjelde for eit kalenderår i første omgang, frå 01.10.25 til 30.09.26. Stillinga blir forlenga under føresetnad av forventa finansiering i inntil totalt 3 år.


Arbeidsoppgåver

Utdanningskoordinator skal:

  • Koordinere og profilere maritime aktørar sine kompetansar inn mot behov i Forsvaret og sivilt. 
  • Vere pådrivar i utforminga av nye utdanningstilbod retta mot behov i Forsvaret og sivilt. 
  • Realisere målsetjingane i prosjektet med omsyn på større omsetning og tettare samarbeid med næringslivet og Forsvaret. 
  • Fasilitere og organisere arrangement og besøk. 

Kvalifikasjonar

  • Du er nettverksbyggar  
  • Har maritim kompetanse  
  • Har skole-/utdanningsfagleg kompetanse 

Personlege eigenskapar

  • Du er god til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk 
  • God til å samarbeide og jobbe i team 
  • Er strukturert og sjølvgåande 
  • Får energi av å møte folk 
  • Er fleksibel til arbeidsstad og arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale 
  • Spennande arbeidsoppgåver 
  • Innovativt arbeidsfellesskap i team på Campus 

Kontaktinformasjon

Ole Reinlund, Rektor, +47 90909603
Helene Hanken, Rektor, 95750139

Arbeidsstad

Larsgårdsvegen 2
6009 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4991452296
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.08.2025