Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Faglærar elektro/automasjon

Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Sophus Lie-vegen 3, 6770 STAD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad
Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 70 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur. Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:
- Studiespesialiserande
- Påbygg til generell studiekompetanse
- Helsefag med studiekompetanse
- Elektro og datateknologi
- Teknologi og industrifag
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Nettbasert tilbod - påbygg til generell studeikompetanse for vaksne
Har du utdanning og erfaring frå arbeid innan elektro-/automasjonsfaget? Har lyst til å arbeide i eit spanande og utviklingsorientert arbeidsmiljø? No er det ledig 100 % fast stilling som faglærar innan elektro-/automasjonsfaget. Søkjer du?

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.

  • 100fast stilling med undervisning i programområde Elektro og datateknologi.

  • Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg2 og Vg3-nivå innan automatiseringsfaget, og vg1 og vg2 innan elenergi og ekom.

Du samarbeider med kollegaer og leiing i skulekvardagen, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane. 

Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

Kvalifikasjonar

Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:

a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.

e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.

Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

 

  • Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i skulekvardagen, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling. 
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Cecilie Bjørlo, avdelingsleiar, 90662156
Alf Reidar Myrstad, rektor                        , 90962632

Arbeidsstad

Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4960947830
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2025