Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

100%  stilling som sjukepleiar ved Austevoll HPO og på natt

Austevoll kommune

Birkelandsvegen 26, 5392 AUSTEVOLL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.


Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Stillinga er kombinert som sjukepleiar på natt og i hemetenesta, med langvakt på helg.
  • Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og medisinsk behandling/oppfølging til bebuarane vil vera nokre av hovudoppgåvene.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Gyldig politiattest
  • Internasjonale gradar må vere godkjent Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
  • Sjukepleiar i heimetenesta samarbeider tett med sjukepleiarane ved Austevoll P. O Senter og ein deltek i felles vaktordning.
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, og vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.