Ved Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen, er det ledig ei 100 % fast stilling for kontorfagleg medarbeidar.
Bergen og omland familiekontor har omlag 40 tilsette fordelt på tre lokasjonar.
Dei kontorfaglege samarbeidar tett om å løyse oppgåver. Me søkjer deg som har erfaring frå kontorfaglege oppgåver innan familievernet. Du må vere omgjengeleg, imøtekommande, serviceinnstilt og villig til å yte "det lille ekstra" når det er teneleg.
Arbeidsoppgåver
- Du er familievernet sitt ansikt utad, og er den første publikum møtar når dei tek kontakt med oss.
- Du tek i mot henvendingar på telefon etter oppsett plan, svarar felles e-post, og tek imot dei som kjem direkte på kontoret.
- Du har ansvar for å registrere nye familiar i fagsystema og sende ut timeinnkalling.
- Når det trengs tolk, bestillar du det.
- Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning på bachelornivå.
- Du har erfaring frå statleg familievernkontor, og arbeid med menneske.
- Du har erfaring frå IT systema FADO/FAMO.
- God IT kompetanse.
- God norsk munnleg og skriftleg fremmstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til samarbeid, er fleksibel og sjølvstendig.
- Du er serviceinnstilt i arbeid med mennesker.
- Du møter mennesker med respekt.
- Du har evne til godt samarbeid med kollegaer.
- Du har god arbeidskapasitet, er effektiv og systematisk.
- Du har evne til å prioritere, når det er forventningar om å utføre ulike oppgåver.
- Du har evne til å halde fristar.
- Du trivs med faglege utfordringar.
- Det vert lagt stor vekt på om søkjarane er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Stillinga er for tida lagt til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen.
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ med stillingskode 1408 førstekonsulent pt. kr. 550 500 - 615 000
- Inkludering og mangafald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben. legg vi tilrette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rikitige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonym statistikk.
- Du kan be om å ikkje verte ført opp på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje vert tatt til følgje.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Vibeke Heitmann, Einingsleiar , 46619259,
[email protected]
Arbeidssted
Solheimsgaten 13
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4955542054
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2025