Om stillinga
Alver kommune har ledig stilling som badevakt, med inntil 20 timar i veka så lenge bassenget er ope.
Stillinga er som badevakt for publikumsbading i Alver kommune. Stillinga er for tida i Radøyhallen. Det er ope for publikumsbading tysdagar, torsdagar, fredagar på ettermiddag/kveld og laurdagar på formiddag/ettermiddag. Ei vakt varar i om lag 5 timar, og ein må vere budd på faste arbeidsdagar utifrå månadleg oppsett vaktliste.
Arbeidsoppgåver
- Oppsyn med badande
- Syte for sikkerheita til dei besøkande i bassenget
- Kundeservice, sal av billettar, dagsoppgjer og forefallande arbeid
- Handsame innkomne bestillingar i digitalt tingingssystem
Kvalifikasjonskrav
- Du må vere symjedyktig, og du må bestå halvårleg livredningskurs. Dette er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse. Meistre bruk av vanlege program som Office, Excel, samt digitale plattformar som vert brukt som verktøy av arbeidsgjevar
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, men trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt
- Du er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
- Må vere fylt 18 år
Vi tilbyr
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Godt og støttande kollegialt fellesskap